| Folgefonna Fornøyelses Park |
|
|
| Smånytt | |||
| Skrevet av Geirmund Storaas | |||
| tirsdag 02. juni 2009 16:54 | |||
|
Sommaren etablerte seg før pinstid med temperaturar på tjue-talet. Fyrste pinsedag framstod med det flottaste veret som tenkjast kan. I Norheimsund kunne det veljast i fleng mellom høgtidsgudsteneste i Norheimsund Kyrkje med prest Tor Øystein Holm, organist Olav Skeie Lid og Frelsesarméens Hornorkester... eller ferje over fjorden til Folgefonna Fornøyelses Park. "Folgefonna med sommarskisenteret er det næraste ein kjem fornøyelsespark på våre kantar" seier tung brukar, som vil vera anonym, til Norheimsund Info. Teke i betraktning alle regnsundagane utan skiføre med høve til kyrkjegang, fall valet 1. pinsedag 2009 på Folgefonna for herverande skribent. Mange andre hadde også valt slik. Parkeringsplassen ved sommarskisenteret vart full. Det stod parkerte bilar hundrevis av meter nedover Fonnavegen. Heisen gjekk, føret var godt, vinden var fråverande, sikta god, temperaturen på shorts og t-skjorte-stadiet og heltane frå "Friflyt"-bladet var samla. Her er nokre glimt frå Folgefonna 1. pinsedag 2009. Sjå "kite-arane" som har parkert og ventar på vind både før og etter middag, Vassfjøro, Hardangerjøkelen, Hallingskarvet, Hårteigen, Tysnessåta, alle hoppa ved skitrekket, skarvet som har bråna fram midt i løypa, innsjøen på parkeringsplassen, snøfonna på ferjekaien og trampolinen på Gamleheimen. Berre på Norheimsund Info...
|
|||
| LAST_UPDATED2 |









