|
Smånytt
|
|
Skrevet av Reda K. Sjonen
|
|
mandag 12. oktober 2009 10:10 |
|
-Har du lese?, spurde skulemeisteren ein dag i forbifarten på gata. -Nei, kva då? - Brevet som Villand har sendt til ordførar og heradsstyre. -Det var meget bra, men eg trur det går hus forbi, avslutta han, før han for vidare.
Endeleg har det lukkast Norheimsund Info å knyta ein rimsmed til redaksjonen. Etter at han fekk referert samtalen med skulemeisteren, leverte han etterfylgjande til fri bruk. Skribenten ynskjer å vera anonym, men då innhaldet knapt kan kallast injurierande, vel me å publisera diktet in extenso.
(Til orientering er det omtala brevet å finna på www.kvam.no på innsyn for 26.08.09).
Brevet som gjekk hus forbi 1. Me lever i ei tunge tid med strid og nattevåk og folkevalde tillitsmenn som eglar helst til bråk me trudde at me levde i eit trygt demokrati men draumen brast det er skildra kvasst i brevet som gjekk hus forbi.
2. Brevet som gjekk hus forbi er åtte sider langt det spør i både aust og vest om ymist rett mest vrangt og har du ikkje lese det det står til evig tid for brevet er journalført tjueseks nullått nullni. 3. På heradet sitt internett du finn det fort som lyn på ve ve ve dott kvam n o du finn det på innsyn me ventar spent på svaret frå ordførar og parti men fryktar visst det går som sist at brevet det går hus forbi. 4. Formannskaplovene vart innførte i attentrettisju dei føreskriv at kommunane skal styrast av meg og du hjå oss har det utarta seg til eit eliteri der folk har site tjue år og meir for sitt parti. 5. Eliten styrer bygda vår med vilje hard som stål når folkeviljen reiser seg då har dei ikkje tål med hittfolket sitt ve og vel dei skaltar som dei vil med bom og skule, kabel mast med skatt på eigedomen fast dei tyngjer oss i kvil. 6. Men kvila det er ikkje lett når mistrua er kveikt og holdet til dei styrande er både blasst og veikt me uroar oss dag og natt kva dette endar i og endå meir når ingen svarar brevet som gjekk hus forbi.
Styrk Frisk-Ulen
|